Byggmester i Førde, Sunnfjord – vi tilbyr alle tenester

Din lokale byggmester i Førde, Sunnfjord.

Hos VM-Bygg AS får du kvalitet frå start til slutt, uansett oppdrag. Våre tilsette er utdanna byggmester- eller fagteknikarar med stoltheit i faget og eit ønske om å sikre deg som kunde det beste resultatet. Vi tilbyr alle typar oppdrag, frå små rehabiliteringar og oppussing av stove/kjøkken/bad til større bustadprosjekt og spesialbygde/arkitektteikna einebustadar. Vi held til i Førde i Sunnfjord kommune, med flotte lokaler på Sanderplassen i sentrum.

Gjer det sikkert når du skal gå i gang med eit nybygg.

Det å velge riktig byggmester til ditt nybygg er essensielt for å oppnå den gode opplevinga. VM Bygg AS kan ta på seg ansvaret for prosjektet og være den som kontaktar arkitekter, være ein rådgjevar og kontakte entreprenørar. Vi er kjent med alle nivå av entreprise og tilpassar oss difor dine behov. Vi ynskjer at du som kunde skal sleppe å tenke over byggeprosessen – vi skal hjelpe deg frå tomt til du har det ferdige produktet. Vi har eit godt samarbeid med dei fleste tilknytta bransjar og yrkesgrupper i lokalmiljøet – slik at ditt prosjekt får den beste oppfølging.

Be oss om tilbod & befaring.

Vi leverer våre tjenester med stor vekt på kvalitet, service, miljø, økonomi & fleksibilitet. Vi har lang tradisjon for å løyse spesielle oppdrag for mange ulike type kundar og kan i dag vise til fornøgde kundar på våre nybyggprosjekt i Sunnfjord og omegn.

SEND OSS EIN FORESPØRSEL

This contact form is deactivated because you refused to accept Google reCaptcha service which is necessary to validate any messages sent by the form.